| Velkomen til Mjøsvågen! |
|
Mjøsvågen ligg i bygda Hosanger på Osterøy berre ein liten time frå Bergen. Opplev kunst, kultur og natur i eit aktivt bygdemiljø. Organisasjonen vener av Mjøsvågen legg til rette for gode møteplassar og gode opplevingar.
Mjøsvågen er eit verna naust og verkstadmiljø der me no tilbyr nytt liv i bygningane og områda rundt. Her kan du laste ned eit kart med omtale av mange av bygningane rundt Mjøsvågen og kva dei har vore og vert nytta til og her kan du laste ned eit kart over turløyper i Hosanger med omtale av noko avdet du kan sjå. Ver velkomen, me gler oss til å sjå deg! |
| Sist oppdatert fredag 18. mai 2012 09:07 |